Stordkonferansen 2025

Stord Kulturhus |
FULLT - Konferanse og festmiddag | 4 990 kr |
Konferanse - Berre dag | 3 990 kr |
FULLT - Gruppe konferanse og festmiddag | 4 490 kr |
Gruppe konferanse - Berre dag | 2 990 kr |
Meld på ein sjef - ta med ein U37 på kjøpet på konferansedagen | 0 kr |
Student/pensjonist - Berre dag | 990 kr |
Grupperabatt ved 3 eller fleire betalande deltakarar frå same verksemd. U37 |
Påmeldingsfrist: | 12.06.2025 |
12. juni 2025 er det klart for Stordkonferansen - Den 25. i rekka!
Bli med å høyr på spennande foredragshaldarar, utfordrande tema og engasjerande diskusjonar!

Registreringa opnar
No è da heise
- Ola Honningdal Grytten, NHH
Makroutsikter fram og tilbake i uroleg tid - Sigbjørn Framnes, Ordførar, Stord kommune
Industrikommunen Stord - Geir Inge Lunde, Styreleiar, Initiativ Vest
Pappa, hvor skal jeg bo når jeg blir stor?
Går da for putle?
- Næringsminister Cecilie Myrseth, AP
Næringslivet på Stord, Vestlandet og i Norge i tida framover - Marte Mogstad, Konsernsirektør prosjekt, Aker BP
Framtida på sokkelen - Kjetel Digre, Konsernsjef, Aker Solutions
Industrien omstiller seg, men til kva? - Sigurd Sævareid, Tillitsvalt Aker Solutions
Mellom bakkar og berg ut med havet
- Panelsamtale leia av Marius Knutsen, Sustainable Energy
Ada Jakobsen, CEO Maritime Cleantech
Willy Waagen, CEO Sustainable Energy
Hans-Petter Nesse, Adm. Dir. Wärtsilä Norway
Johannes Eldøy, Prosjektdirektør Salt Ship Design - Hege Økland, CEO, Hy2Gen Nordic
Hydrogenkraft for eit kraftfullt Vestland - Helge Gjøsæter, CEO, Leirvik AS
Ei bru frå olje til oppdrett - Slik skaper samarbeid ny business på Vestlandet - Torger Reve, Professor Emeritus, Handelshøyskolen BI
Samarbeid som forutsetning for vekst
Historier frå hi` sio
- Astrid Kjellevold, Dagleg leiar, Atheno
Framtidas Leiing – revolusjon eller tidlaus klokskap - Pablo Barrera, Adm. Dir, Haugaland Kraft
Slik byggjer me inkluderande arbeidsliv - Tone Sofie Aglen, Poltisk kommentator, NRK
Norge etter storingsvalet - Kva har vi i vente? - Eirik Norman Hansen
Framtida kjem ikkje - ho er her no! - SKAAR
Minikonsert avsluttar dagprogrammet
Vorspiel
For alle som skal vere med på kveldsarrangementet og festmiddagen.
Uformell møteplass, eit glas med noko godt til velkomst og open bar.
Fest og basar
Fine klede, god mat og drikke, underhaldning og prat.
Standup med Marta Leivestad!


Selma Lønning Aarø
Ho debuterte med romanen Den endelige historien i 1995, som fekk Cappelens pris for beste debutroman. Sidan har ho gitt ut fleire romanar og barnebøker i ulike sjangrar.
Lønning Aarø sin roman, Vill ni åka mera? (2003), har blitt omtala som hennar gjennombrot som forfattar. Med denne romanen blei ho også nominert til Brageprisen. Aarø er omsett til engelsk, tysk, tyrkisk, tsjekkisk, polsk, dansk og nederlandsk.
Siste roman er "Felize Navidad", ein litt anleis juleroman som har fått gode kritikkar. "Feliz Navidad" er eit djupt gjenkjenneleg relasjonsdrama som balanserer humor med vonde emosjonelle undertonar.

Cecilie Myrseth

Pablo Barrera
Pablo Barrrera vart kåra til årets leiar i 2024. Han er skildra som ein leiar for framtida, som er særleg opptatt av at medarbeidararne har det godt på jobb. Han har til og med stolpe-, mast- og nedfiringskurs i kraftmastene.

Kjetel Digre
Kjetel Digre har vore konsernsjef i Aker Solutions etter fusjonen med Kværner i 2020. Han kom frå stillinga som driftsdirektør i Aker BT. Før det var han prosjektdirektør for Johan Sverdrup utbygginga hos Equinor. Kjetel Digre er utdanna marineingeniør, og har også ein master i subsea- og petroleumsteknologi frå Heriot-Watt University i Edinburgh.

Ola Honningdal Grytten
Ola H. Grytten er professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole. Han utmerkar seg ved å gjere økonomiske analysar tilgjengelege for folk flest med eit glimt i auga. Han er mykje nytta som økonomikommentator av mellom anna TV2. Han har vunne bronsesvampen 2 gongar, ein pris delt ut av studentane på NHH til forelesarar som har gjort ein ekstraordinær innsats!

SKAAR
SKAAR er artistnamnet til singer-songwriter Hilde Skaar - frå Stord -, med imponerande 50 millionar streams på Spotify, åtte topp 40-singlar og ei rekkje prisnominasjonar.
Karrieren hennar starta før ho i det heile tatt hadde fått sagt til nokon at ho ønska å bli musikar. Ho vart oppdaga rett etter at ho hadde posta sin første coverlåt på YouTube, og sikra seg management og plateselskap.
Allereie med dei tidlegaste singlane – Higher Ground (2018), Turn of The Tide (2020) og 24 (2019) – vart SKAAR raskt etablert som Noregs mest spennande, nye talent. Debut-EP-en The Other Side of Waiting understreka den kunstneriske djupna i pop-appellen hennar. Ho heldt fram med å imponere med tre Topp 10 radiohits og endå fleire prisnominasjonar, inkludert «Årets nykommar» på P3 Gull, «Årets stjerneskot» på By:Larm, og «Årets artist» på NRJ Awards.
I april 2024 kom nettopp EP-en Mad Women, ein vidareføring av albumet Mad Woman (2023), som gav ho ein Spellemann for Årets låtskrivar.

Eirik Norman Hansen
Aldri før har vi kunna gjere så mykje som det vi kan no.
Vi har fantastiske moglegheiter – men også mange utfordringar. Mange av desse kan løysast og endrast om vi berre tør å sjå forbi det opplagde og omfamne dei moglegheitene vi har.
Eirik Norman Hansen tek oss med på ei opplysande, tankevekkande og inspirerande reise inn i ei verd av fantastiske moglegheiter.
Eirik Norman Hansen er ein leiande futurist og teknologioptimist, som er kjend for sine innsiktsfulle foredrag om samfunnstrendar, teknologi, og digitalisering. Med bakgrunn som siviløkonom, master i teknologileiing og over 20 års leiarerfaring, belyser Eirik tydinga av teknologiske innovasjonar som kunstig intelligens, utvida røyndom (VR), robotikk, og digitalisering. Han er spesielt oppteken av kva utviklinga betyr for menneske, organisasjonar og samfunn, og korleis det vil påverke nettopp di bransje. Eirik vart kåra til Årets talar i 2018 og har vore nominert kvart år sidan. Han har ein eigen evne til å formidle komplekse tema på ein lettfatteleg måte, og med glimt i auget. Gjennom si rolle som undervisar ved Høyskolen Kristiania og forfattar av "Når juss møter AI", inspirerer og rettleier Eirik bedrifter i inn- og utland.

Marte Mogstad
Marte Mogstad byrja i rollen som PRO Growth 5. mai 2025. Ho var tidligere direktør for Skarv. Marte har tidligare jobba i Aker Solutions som Executive Vice President.
Ho har over 20 års erfaring frå olje- og gassindustrien og fornybar energi. I løpet av si karriere har Mogstad hatt fleire leiarstillingar innan operasjonell leiing og forretningsutvikling, inkludert tre år som medlem av Aker Solutions sitt leiarteam med ansvar for forretningsområda Engineering og, mest nylig, New Energies.
Mogstad er utdanna sivilingeniør i maskinteknikk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).

Sigbjørn Framnes
Han har køyrt gravemaskin og buss, spelar hobbyVolly og heiar på Liverpool.

Hege Økland
Ho er skildra som ei uredd dame med mykje pågangsmot som har gjort ein formidabel jobb med å få i gang eit grønt paradigmeskifte i maritim industri

Helge Gjøsæter
Helge Gjøsæter er CEO i Leirvik AS. I 2021 kjøpte Gjøsæter og fleire andre i leiinga ut selskapet gjennom ein "management buyout". Seinare har Leirvik AS jobba jamt og trutt og auka omsetnaden år for år.
Selskapet har vakse seg stort på bustadmodular til plattformer og har bygd fleire av dei største "offshore-hotella" som er i drift på sokkelen. Dei seinare åra har dei utvida verksemda til nye områder som havbruk og samferdsle.
Astrid Kjellevold
Astrid Kjellevold er dagleg leiar i Atheno. Ho har gjennom dei siste 20 åra hatt ulike leiarroller innan næringsutvikling, i hovudsak knytt til gründerskap, strategi og leiarfaget. Dei siste 11 åra har ho leia Atheno fram til å bli ein respektert aktør innan sitt felt, der dei i haust rykka opp til nivå 5 i SIVA si rangering – eit teikn på god innsats over tid.
Astrid Kjellevold har ein master i leiing frå NHH, utdanning som adjunkt, rådgjeving, styrekompetanse og inkubasjonsleiing. Ho har i dei siste 10 åra arbeidd med utvikling av leiarkompetanse gjennom ulike leiar-og mentorprogram.

Tone Sofie Aglen
Aglen har mastergrad i statsvitenskap og utdanning innan organisasjon og leiing. Ho har hatt ulike jobbar i kommune og stat før ho vart politisk kommentator og seinare politisk redaktør i Adresseavisa. I 2019 vart ho politisk kommentator i VG, før ho vart politisk kommentator i NRK i 2022.
Aglen leverer spissformulerte og treffsikre analysar av norsk politikk og har eit godt blikk for spenningane som ligg mellom sentrum og periferi.

Torger Reve
Torger Reve er ein norsk siviløkonom, ph.d. i 1980. Han var førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole frå 1980, og professor i organisasjonsvitskap same stad frå 1984 til 1997. Han var forskingssjef ved Stiftelsen for Samfunns- og Næringslivsforskning frå 1991, og administrerande direktør same stad frå 1995 til 1997. Vidare var han professor i strategi og internasjonal leiing ved Handelshøyskolen BI frå 1997, og var rektor ved skulen frå 1997 til 2005. Han var styreleiar i NRK frå 2000 til 2001.

Geir Inge Lunde
Geir Inge Lunde er styreleiar i den uavhengige tankesmia Initiativ Vest. Han er vaksen opp på Lundegrend i Sunnfjord. Han er utdanna siviløkonom, statsautorisert revisor og har ein MBA i strategisk leiing frå Norges Handelshøyskole (NHH). Lunde har meir enn 30 år med erfaring frå PwC som partner, leiar og revisor, og har lang erfaring som føredragshaldar innanfor samfunnsutvikling, strategi, leiarskap, digitalisering og personleg leiing.
Lunde var partner i PwC i perioden 1995 – 2019 og har vore ansvarleg revisor for børsnoterte selskap innanfor finans, sjømat, offshore, transport og industri. Han har vidare vore ansvarleg for større rådgjevingsoppdrag innanfor due diligence, oppkjøp og børsnoteringar. I perioden 2000-2019 var han leiar av PwC Bergen og Region Vest. Lunde var medlem av PwC Norge si nasjonale leiargruppe i perioden 1998-2019 og var CFO i PwC Norge i perioden 2011-2019. Han var medlem av klimaomstillingsutvalget som ble nedsatt av Civita, WWF og Norsk Klimastiftelse og som la frem sin rapport 24. september 2020. Lunde er i dag strategisk rådgjevar, styrearbeidar og investor.

Sigurd Sævareid
Sigurd Sævareid er klubbleiar for EL og IT på Aker Solutions. Han er engasjert i rettferdig og gode vilkår for medarbeidarane i industrien og i arbeidslivet ellers.
Han er ein svært talefør mann som både har ete taco med kronprinsen og vore hovudtalar på 17. mai.





