Stordkonferansen 2024

Stordkonferansen 2024
Torsdag 06. juni
09:00 - 22:00
Sted
Stord Hotell
Pris
Konferanse og kveldsarrangement med middag 4 990 kr
Konferanse - Berre dag 4 190 kr
Gruppe konferanse og kveldsarrangement med middag 4 490 kr
Gruppe konferanse - Berre dag 3 690 kr
Grupperabatt ved 3 eller fleire deltakarar frå same verksemd. Avbestilling etter 23. mai vert fakturert med kr 500,- Avbestilling etter 31. mai vert fakturert fullt ut.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 31.05.2024
Meld meg på

Stordkonferansen 2024

Energiindustrien i ei urolege tid!
Vi lever i urolege tider. Noko er nært, andre ting skjer ute i verda. Men verda har aldri vore mindre enn no. Hendingar påverkar transport og etterspurnad, kostnadar og energipris. Blir Trump president i USA? Blir Stavanger hovudstad på vestlandet? Vil rentene gå opp eller ned? Er det grøne skiftet truga av uroa? Dette og mykje anna får du høyre meir om på Stordkonferansen 6. juni!
Program

Konferansier og underhaldning

Dagen vert leia av dei habile vestlendingane Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Dei syr saman dagen på ein framifrå måte med både tekst og tonar.

Folgerø er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i er årrekke vore tilsett i NRK og laga både radio og tv. Som musikar har han mellom anna vore bassist i Aftenlandet og fagottist i populærorkesteret Finn-Erix. Han har skrive fleire bøker, både åleine og saman med konferansierkollega Finn Tokvam.

Tokvam er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han har ei lang karriere i NRK der han mellom anna har laga program Radio Røynda og P.I.L.S (Populærmusikk ispedd litt sladder). Han står og bak ein verdsrekord i programmet Norgesglasset på NRK P1 der alle Beatles sine 212 songar vart spelt i kronologisk rekkefølge.
 
09:00 - 10:15

Det vi lever av

Vi har beina godt grunnfesta i den industriarven regionen vår er kjent for. Lars Høier SVP for Yggdrasil i Aker BP fortel om korleis eit oljeselskap i dag arbeider, og korleis dei ser for seg framtida.

Rett kvalitet til rett tid, omstilling og utvikling er kjende omgrep for stordabuen. Vi veit kva vi lever av, kva som tilfører kapital og kva som gir verdiskaping. Konserndirektør Sturla Magnus i Aker Solution vil fortelje om korleis dei ser på notid og framtid.

Frå Stord kommune kjem ordførar Sigbjørn Framnes og kommunedirektør Tommy Johansen for å dele tankar om utfordringar, moglegheiter og korleis kommunen kan legge til rette for næringslivet.
 
10:45 - 12:00

Ei øy på vestlandet

Vi er stolte av øya vår! Samtidig har vi utfordringar med ferjer, tunellar og vegar som ikkje er i god nok stand. Store samferdsleprosjekt er anten i gang eller i spel. Blir Stavanger hovudstaden på vestlandet når Rogfast opnar om 9 år? Korleis blir næringslivet på vestlandet påverka av desse endringane? Harald Minge i Næringsforeningen i Stavanger-regionen står klar til å ta i mot Sunnhordlendingane.

Vestlandsindeksen peikar på nokre trendar og Mari Aamo Pedersen i Sparebanken Vest vil fortelje oss kva dette viser. Vi får og siste nytt om kva renteutsikter dei ser framover og korleis dette vil verke inn på næringsliv og privatøkonomi.
 
13:00 - 14:00

Ei uoversiktleg verd

Vi løftar blikket til dei store utfordringane i verda. Vi får høyre meir om korleis krig og store konfliktar påverkar alt frå storpolitikk til vedtak i styrerom på Stord. USA er joker i verda. Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap i Høgskulen på Vestlandet. Han kjem med oppdateringar frå kva som skjer i USA fram mot presidentvalet til hausten. Blir Trump president igjen? Og kva vil det bety for oss?
 
14:30 - 15:45

Det grøne skiftet – framtida er no!

Korleis ligg vi an i det grøne skiftet? Prosjektleiar Heidi Synnøve Gaustad i Grøn Region Vestland vil gi oss ein statusrapport. Det er identifisert 16 grøne hubbar i Vestland der tilhøve ligg til rette for vidare utvikling. Ein av desse er Stord Transition Hub, som skal binde saman leverandørindustri og nye næringar.

Katapulten Sustainable Energy har testsenteret Energy House. Her kjem aktørar frå heile verda for å finne ut korleis ulike drivstofftypar med lågt utslepp verkar i praksis. Linn Therese Erve, direktør for forretningsutvikling og samfunnskontakt i Sustainable Energy, har med seg Amogy som testar ut korleis ammoniakk kan vere ei framtidsretta løysing.

Her sluttar dagdelen av programmet.
 
17:00 - 18:45

Vorspiel i Gjøa - 9. etg Stord Hotell

For dei som blir med oss på kveldsarrangementet inviterer vi til eit heidundrande kalas med musikk og gode historiar frå Halvor Folgerø og Finn Tokvam! Her blir det gode mulighetar til mingel og musikk, prat og pils! Stord hotell flyttar opp baren for dei som ønskjer å kjøpe drikke.
19:00 - 22:00

Middag og mingling

God mat i godt lag! Vi går samla ned til Stord Folkehøgskule der vi får servert ein deilig tapasmiddag frå deira chilenske kokk! Det vert servert velkomstdrikke og det er inkludert 3 einingar av øl, sider, vin eller alkohofritt.

Det er god plass både ute og inne slik at dette blir den beste arenaen på Stord for å knyte kontaktar og legge til rette for framtidig samarbeid. Musikklinja ved Stord vgs gir oss eit kulturelt innslag. Her blir det mykje god stemning!
Innleiarar
Lars Høier

Lars Høier

Senior Vice Presiden Yggdrasil - Aker BP
Høier har vore direktør og Asset Manager for NOAKA sidan august 2020. Han starta i Aker BP i 2019 som direktør for konseptutvikling og teknologi. Med over 20 års erfaring frå Equinor, har han hatt roller som direktør for forsking og utvikling og produksjonsdirektør for fleire felt, inkludert Troll-feltet. Han har ein Cand Scient-grad i fysikk frå Universitetet i Oslo og ein doktorgrad i petroleumsteknologi frå NTNU i Trondheim.
Sturla Magnus

Sturla Magnus

Executive Vice President, New Build - Aker Solutions
Sturla Magnus vart utnemnd til leiar for Newbuild i april 2023, etter å ha leia Topside & Facilities-avdelinga sidan november 2020. Han har omfattande erfaring frå olje- og gassindustrien, og har hatt leiande roller i selskap som Skanska, Kvaerner, Aker Marine Contractors og AF Gruppen. Han har ein mastergrad i ingeniørfag frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
Sigbjørn Framnes

Sigbjørn Framnes

Ordførar - Stord kommune
Framnes vart valt til ordførar i Stord kommune etter valet i 2023. Han er valt inn for FRP i både kommunestyre og fylkesting og sit i fylkesutvalet. Han har ein bakgrunn som elektroteknikar og har over 20 års erfaring i kollektivbransjen, der han sist var operativ sjef for Nobina Norge. Framnes sine politiske interesser inkluderer samferdselspolitikk, gode konkurransevilkår for næringslivet og arbeidslivet.
Tommy Johansen

Tommy Johansen

Kommunedirektør - Stord kommune
Tommy Johansen er kommunedirektør i Stord kommune. Han tiltrådde stillinga i 2023 og har ansvar for å sikre at Stord kommune utviklar organisasjonen og tenestene til det beste for innbyggjarane, og at tiltak blir gjennomførte i samsvar med politiske vedtak. Johansen er utdanna frå Universitetet i Bergen med ein cand.mag.-grad innan administrasjon og organisasjonsvitskap, informasjonsvitskap og sosialøkonomi. Han har lang erfaring som toppleiar, hovudsakleg i offentleg sektor, og har tidlegare vore kommunaldirektør for Byrådsavdeling for barnevern og sosiale tenester i Bergen kommune.
Harald Minge

Harald Minge

Administrerande direktør - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Harald Minge er administrerande direktør for Næringsforeningen i Stavanger-regionen, som er landets største næringsforening og handelskammer. Han har vore ein sentral aktør i å fremje næringslivet sine interesser og sikre at regionen har dei kvalitetane som gjer at folk ønskjer å bu og arbeide der. Minge har også uttalt seg om viktigheita av å bruke dagens kompetanse i næringslivet for å lukkast med beslekta næringar, særleg innan energi og havbruk. Han har vore ein pådrivar for ideen om eit Sokkeldirektorat for å sikre ein heilskapleg forvaltning av samfunnet sine fellesgode, særleg med tanke på framveksten av nye framtidsretta næringar.
 
Mari Aamo Pedersen

Mari Aamo Pedersen

Rente- og valutameklar - Sparebanken Vest
Mari Aamo Pedersen er rente- og valutameklar i Sparebanken Vest. Med ein dobbel mastergrad i Finansiell økonomi og CEMS frå Norges Handelshøyskole/Copenhagen Business School, to bachelorgrader i henholdsvis økonomi frå NHH og samfunnsvitenskap frå NTNU, samt fleire års erfaring frå ulike roller i både bank- og industrisektoren. Pedersen held jamleg innlegg om utviklinga i finansmarknadane, med fokus på korleis globale trendar påverkar oss lokalt. I Sparebanken Vest har ho òg ei aktiv rolle i analysen og utviklinga av Vestlandsindeksen, som er ei undersøking blant bedrifter i Vestlandsregionen og som fungerer som ein temperaturmålar for det lokale næringslivet. 
Hilmar Mjelde

Hilmar Mjelde

Professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet
Han har USA som sitt spesialfelt og har mellom anna vore USA-kommentator i media sidan 2012. På Stordkonferansen vil han trekke dei store linjene i verda der USA er sentral, dele si «nær Trump-oppleving», prøve å gjere amerikansk valkamp forståeleg og sei litt om kva konsekvensar val i USA har for oss.
 
Heidi Synnøve Gaustad

Heidi Synnøve Gaustad

Prosjektleiar - Grøn Region Vestland

Heidi Synnøve Gaustad er prosjektleder for Grøn region Vestland. Ho har lang erfaring med prosjektleiing innan både privat og offentleg sektor. Gaustad har bakgrunn innan miljøteknologi og fullførte studiet “Brytningstid” ved NHH i 2021. Ho ser fram til å møte kompetente folk i organisasjonen og næringslivet i regionen. Prosjektet har som formål å realisere grøne utviklingsprosjekt i næringslivet i fylket, med potensial for klare kutt i karbonutslepp og samtidig legge grunnlaget for auka sysselsetting, verdiskaping og eksport.
 
Linn Therese Erve

Linn Therese Erve

Direktør for forretningsutvikling og samfunnskontakt - Sustainable Energy
Linn Therese Erve, tidlegare ordførar i Sveio og advokat, er no direktør for forretningsutvikling og offentlege relasjonar hos Sustainable Energy, ein organisasjon som fokuserer på spisskompetanse innan maritime miljøteknologiar i Noreg. Fokus er å utvikle framtidige løysingar innan grøn skipsfart, havvind, hydrogen og karbonfangst.
Tove Sortland

Tove Sortland

Tove er frå Bømlo, har studert på BI, Esade og Hult International Business School og har master i International Business. Ho arbeider no som Business Developer - Low Carbon Solutions i Equinoir i Stavanger. på Stordkonferansen skal ho snakke om korleis bedrifter kan rekruttere og leie unge tilsette? Kva er viktig og kva har endra seg? Og ikkje minst, kva må til for at unge flyttar (heim) til Stord?
Hovedsponsorer
Samarbeidspartnere