Skatteetaten har varsla at dei aukar kontrollaktiviteten på meirverdiavgift, og då spesielt inn mot eigedomsbransjen. Det kan difor vere smart å få ting på plass før Skatteetaten kjem på besøk.
Torsdag 13. mars 2025 inviterer vi til frukostseminar der nettopp mva og fast eigedom er temaet – Bjarte Thorsen frå BDO Advokater vil her presentere fleire sentrale emne som gjeld fast eigedom og mva. Han blir også tilgjengeleg etter arrangementet om nokon ønskjer 1:1 samtale, eller har spørsmål.
På agendaen vil vi mellom anna sjå på følgjande:
- MVA-unntaket for fast eigedom
- Moglegheita for frivillig registrering for utleigarar av fast eigedom
- Frådragsretten for ein frivillig registrert utleigar
- Tomme lokale
- Kommunal infrastruktur
- Justeringsreglane
Bjarte har arbeidd med meirverdiavgift i mange år – både i det offentlege og i det private. Han byrja i BDO Advokater AS i november 2016. Før dette hadde han arbeidd 8 år i Deloitte Advokatfirma AS i Stavanger, og eitt år hos Skatteetaten.
Sentralt i avgiftsretten er reglane som regulerer forskjellige forhold vedrørande fast eigedom, inkludert reglar om frådragsrett ved oppføring, frivillig registrering for utleige, tilbakegåande avgiftsoppgjer, justeringsrett og plikt mv. – alle desse temaene jobbar han med til dagleg.
Han har også god oversikt over skilnaden mellom avgiftspliktig, avgiftsfritatt og avgiftsunntatt omsetning, der spesielt omsetning mot sokkelen kan skape utfordringar. Bjarte har også arbeidserfaring frå NAV, og bistår difor klientar med klage- og ankesaker både innan uførepensjon, sjukepengar, foreldrepengar, arbeidsavklaringspengar mv.