Vi inviterer til samling i Berekraftnettverk i Sunnhordland
Dette er eit nettverk for deg som vil vite meir om berekraft, og som ønskjer å treffe andre for dialog, informasjon og diskusjon rundt tema knytt til berekraft.
Tema for samlinga:
Me rettar merksemda mot omstillinga me står i som lokalsamfunn, og ser på utfordringar og muligheter for verksemdene i vårt lokalsamfunn i tida som kjem
Aker Solutions Stord er ein av dei viktigaste industriarbeidsplassane i Noreg og eit berefjell for lokal- og regionaløkonomien. Samstundes spelar dei ei nøkkelrolle i det grøne skiftet.
Me er difor glad for å ha med oss:
- Kristina Jackson – bærekraftsspesialist i Supply Chain
- Lars Tore Svalland – leiar for logistikk og materialstyring
Kristina Jackson vil rette fokus mot berekraft i leverandørkjeda, med eit ekstra fokus på dei krava Aker Solution set.
Lars Tore Svalland fortel korleis Aker Solutions optimaliserer transport, både frå leverandørar og mellom Aker Solutions sine lokasjonar.
Å møtast og snakke saman, både innan og på tvers av bransjar, er særs viktig i tida me står i. Det blir difor lagt opp til å få til god tid til dialog og samtalar under samlinga.
Kven er nettverket for:
Dette er eit nettverk for alle som vil vite meir om berekraft/ESG, og som ønskjer å treffe andre for dialog, informasjon og diskusjon rundt tema knytt til berekraft/ESG.
Ved spørsmål, ta kontakt med Åshild Rygg Tonning (Haugesund Sparebank) tlf: 47400173.
Det blir også satt av god tid til mingling, diskusjonar og å bli betre kjent.
Helsing komitéen
Bente Larsen Selle
Jane Cathrine Særsten Jünger
Tora Haslum Myklebust
Kastriot Misini
Kajsa Nordström
Åshild Rygg Tonning
Berekraftnettverket for Sunnhordland er eit nettverk for deg som vil vite meir om berekraft, og som ønskjer å treffe andre for dialog, informasjon og diskusjon rundt tema knytt til berekraft.
Ønskjer du meir informasjon om nettverket, ta kontakt med Åshild Rygg Tonning